Denne bilen hamna utfor vegen med sommardekk på Ørskogfjellet søndag ettermiddag. 
            (Foto: Torbjørn Eidhammer)

Denne bilen hamna utfor vegen med sommardekk på Ørskogfjellet søndag ettermiddag. Foto: Torbjørn Eidhammer

Fleire bilar med sommardekk i ulukker

Seint søndag blei det meldt om fleire ulukker der bilar med sommardekk var innblanda.

Ein bil hamna utfor vegen over Ørskogfjellet seint søndag kveld utan at nokon blei skadde. Det var slaps og snø på vegen, og sjåføren blei fråteken førarkortet etter som bilen var utstyrt med sommardekk.

I Austefjorden kolliderte to bilar etter at den eine fekk sleng med sommardekk på slapseføre. Også denne sjåføren ble fråteken førarkortet. Ingen skal ha blitt skadd i ulukka.

Les også: To utfor på sommardekk – begge mista lappen

Tidleg måndag hamna også ein bil utfor vegen på Sjåstad i Volda, melder politiet.

Føraren er ute av bilen og teke hand om på staden. Det skal vere snakk om mindre alvorleg personskade, ifølgje ei melding frå Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.

Sjå vegmeldinger for Møre og Romsdal (ekstern lenke)

Sjå vegmeldinger for Sogn og Fjordane her (ekstern lenke)

Mer å lese på Sunnmørsposten: