Ifølgje politiet dreier det seg om ei fallulukke. Ålesund sjukehus opplyser at skadane er moderate og at tilstanden til mannen er stabil. Han får behandling på intensiv avdeling.

Eit ambulansehelikopter kom til staden like etter klokka 10 og frakta mannen til sjukehus. Mannen var ifølgje politiet ved medvit etter ulukka.

– Mannen skal ha falt i samband med oppgraderingsarbeidet som skjer på brua for tida, opplyser operasjonsleiar Kenneth Sætre hos politiet i Møre og Romsdal.

ifølgje NRK Møre og Romsdal har mannen falt om lag fire meter ned frå eit stillas ved ei søyle under brua. Etter fallet skal han ha blitt liggjande på brukaret nede ved sjøen.

(saka held fram under)

Både brannvesen, ambulansefolk og redningsskøyta Idar Ulstein blei difor sendt til staden for å hjelpe til i aksjonen.

Ein kriminalteknikar og politipatrulje vil jobbe på staden for å finne ut årsaka til det som skjedde.

Det er lysregulering for bilistane i samband med arbeidet. Politiet har ikkje fått melding om at hendinga får andre konsekvensar for trafikken.