Berga huseigar i Ørsta frå å få vatn i huset

Brannvesenet i Ørsta rykte ut då ein huseigar var nær ved å få vatn inn i kjellaren.
Søre

Det skal ha vore mykje overflatevatn rundt huset som var i ferd med å trenge inn i kjellaren. Brannvesenet rykte derfor ut med pumper slik at huset blei berga gjennom natta, opplyser vakthavande ved 110-sentralen for Møre og Romsdal til smp.no.

Kommunen sine folk vil overta på staden onsdag og sørgje for at det ikkje oppstår fleire problem.

Meir nedbør

Det har vore mykje nedbør dei siste dagane og Yr.no melder om byever utover onsdagen. Også dei neste dagane er det meldt ein del nedbør.

Tekstvarsel frå Yr.no

Møre og Romsdal: Vestleg stiv eller sterk kuling utsette stader. Regnbyer og haglbyer, snøbyer i høgda. Utrygt for torever. I ettermiddag minking til sørvest frisk bris. Avtakande byeaktivitet.

Sogn og Fjordane: Vestleg stiv kuling utsette stader. Regnbyer og haglbyer, snøbyer i indre og høgare strok. Utrygt for torever. Utover dagen gradvis minkande vind og byeaktivitet. I kveld sørvest bris. Stort sett opphaldsver.