Politiet opplyser natt til torsdag at ein person er funnen død etter ein leitaksjon som blei sett i gang onsdag kveld.

Operasjonsleiar Leif Arne Mork opplyser at det er den sakna kvinna som er funnen og at det ikkje er mistanke om noko kriminelt.

Det var like før klokka 17 i går ettermiddag at leiteaksjonen starta, på Dimnøya i Ulstein kommune.

Leiteaksjonen vart leia av Sørøyane Røde Kors Hjelpekorps.

Hjelpekorpsleiar Alexander Skar, som sat inne og leia søket overordna, vil gjerne takke Ørsta/Volda RK for innsatsen ved å ta del i søket.