Dei rundt 170 inviterte gjestane fekk ta del i den offisielle opninga av nye Øyra skule i Volda, og på programmet sto både takketalar og musikalske innslag. Festkvelden starta med at ordførar i Volda kommune, Jørgen Amdam, fekk æra av å klippe snora og utrope den nye Øyra skule for offisielt opna.

I alle talane var det utelukkande lovord for den nye skulen. Ord som «innbydande, lys, lett, open, trygg, fargerik og moderne» var berre nokre av orda som vart sagt. Rådmannen i Volda kommune, Rune Sjurgard, gjekk endå eit hakk lengre i sin tale då han omtala nye Øyra skule som ein referanseskule for framtidige skuleprosjekt.

Siste post på programmet var då ordførar Jørgen Amdam overrekte ein sjekk på 5.000 kroner frå Volda kommune til elevrådet ved skulen. Når elevane ved skulen i tillegg vart lova ein pølsefest i regi av Volda kommune, skulle alt ligge til rette for ein god start ved den nye skulen, både for lærar og elevar.