Det er lokalavisa Fjordenes Tidende som skriv at Anders Lien og Therese Lien Smenes jobbar for å gjenreise Selje-hotellet. Han er svigerson og ho er barnebarn til Wald Drageseth, som i si tid bygde hotellet.

Det har vore usikkert om nokon vil forsøke. Ei investorgruppe la i haust vekk planar for kjøp av Selje Hotel.

Sunnmørsposten får stadfesta av Anders Lien at dei jobbar med hotellplanar, men han seier at det er feil tidspunkt å presentere dette no.

– Kor lenge har de tenkt på at dette kanskje er mogleg å få til?

– I over eit halvt år, seier Lien.

Anders Lien og familien eig Selje Næringspark. Lien skipa i si tid Selantic Industrier i Selje.

Hans svigerfar, Wald Drageseth, var den drivande krafta i etableringa av Selje Skjortefabrikk i 1946, lystbåtfabrikken Selje Bruk AS i 1961, Selje Hotell i 1975 og Selje Plastindustri i 1976, skriv leksikonet Allkunne.

Fleire eigarskifte

Selje Hotel vart selt til Gerd Kjellaug og Harald Berge i 1983.

I 2014 selde Berge-familien hotellet vidare til den svenske familien Akcay.