Det var ingen personar heime då huset begynte å brenne. Huseigar kom til staden, og kommunen ordna anna husvære til huseigaren. Fire nabohus blei evakuerte. Ifølgje NRK fekk bebuarane i tre av husa flytte heim, medan det fjerde framleis er evakuert på grunn av røykskadar. Øyvind Eikrem, som var nærmaste nabo, har fortalt om korleis han reagerte på røyklukt, varsla brannvesenet og hjelpte til i sløkkingsarbeidet. Han hjelpte brannvesenet med å legge slangar ned til sjøen for å pumpe opp sjøvatn til sløkkingsarbeidet.

Tod tid å sløkke

Klokka 20.36 fredag kveld melde brannfolka på staden om rimeleg bra kontroll og godt med mannskap, opplyser 110-sentralen i Møre og Romsdal. Ettersløkkingsarbeidet heldt på utover natta.

– Delar av huset er av tømmer, og det kan ta litt tid å sløkke, men brannvesenet har kontroll. Dei blir på staden ein god stund for å kjøle ned og drive ettersløkking, sa operatør Tor Ivar Sjåstad ved 110-sentralen i Møre og Romsdal til Smp.no fredag kveld.

Tidleg laurdag morgon avslutta brannvesenet sløkkingsarbeidet. Laurdag morgon var dei tilbake på staden for å ta ein kontroll.

– Huset er nedbrent. Vi måler no temperatur ved hjelp av varmekamera for å sikre at det ikkje ligg og ulmar under massane. No dreier arbeidet seg i stor grad om opprydding og å sikre lause gjenstandar og slikt, seier operatør Arnfinn Klausen ved 110-sentralen i Møre og Romsdal.

Brannårsaka er ikkje kjend. Politiet vil sette i gong åstadsundersøkingar på måndag.