Sist ut er systera til Maurstad, NRK-journalisten Janne Brit Aasen, som har skreve eit harmdirrande offentleg innlegg på Facebook med tittelen: «Fingrane av tastaturet!».

I innlegget skriv Aasen korleis ordførar-systera har vorte utsett for sjikane og ryktespreiing etter fleire kontroversielle politiske saker.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane er det både avgjerda om å leggje ned skulane i Bryggja og Holvik, og ikkje minst den spente situasjonen som har oppstått kring kommunereforma, som har fått begeret til å renne over for fleire av innbyggjarane i Vågsøy – ikkje minst i kommentarfelta på sosiale medium.

– Ingen må tole noko sånt

– Kva rett har dei til å be ei 37 år gammal kvinne med mann og to barn på 10 og 12 år om å ryke til helvete og det som verre er, skriv Janne Brit Aasen i sitt innlegg.

Til NRK Sogn og Fjordane seier Aasen at ho som journalist veit at det må vere takhøgd i den offentlege debatten. Likevel påpeiker ho at det går grenser for kva folk skal tole.

– Eg fekk sjå bilete der nokon hadde bedt ho om å reise til helvete, og folk som forsvarar det dei skriv med at ho må tole det. Ingen må tole noko sånt, uansett om du er statsminister eller sjukepleiar, seier Aasen til kanalen.

– Harselering og trakassering

Saka har også vorte tema gjennom innlegg i lokalavisa Fjordenes Tidende – og då formannskapet i Vågsøy møtast denne veka. Høgre-politikaren Morten Hagen bad då om ordet for å snakke om nettvett.

– Eg ber politikarane spesielt, men også innbyggjarane i kommunen, å tenkje nøye over kva dei skriv på sosiale medium. Det er altfor mykje harselering og trakassering som kjem fram på nettet no, og det er ingen tent med, sa Hagen ifølgje Fjordenes Tidende.

Hovudpersonen sjølv har ikkje ønska å la seg intervjue om saka. Til NRK har ho gitt uttrykk for at det har blitt for mykje og at ho sett pris på at folk tek til motmæle når dei ser at folk går over streken.

Rektor tok til motmæle

Mellom dei som har reagert er også ungdomsskulerektor i Vågsøy, Kåre Bakke:

– Mange av dei kommentarane eg har sett er av ein slik karakter at dersom det hadde vore elevar på skulen som hadde lagt dei ut, og vi som skule hadde blitt gjort merksam på dei, ville vi teke kontakt med foreldra til elevane og bedt dei snakke alvorleg med barnet sitt, skriv Bakke ifølgje NRK Sogn og Fjordane.