Bakgrunnen for dette er at politiet har fått få tips i saka, opplyser etterforskingsleiar Grete Hjelle til smp.no.

Utvidar signalementet

Politiet går no ut med eit utvida signalement av ein mann som dei særleg ønskjer tips om i samband med overfallet.

– Mannen hadde på seg mørk caps, mørk jakke og lys bukse. I tillegg kan vi opplyse om at han var liten av vekst og mørkhuda. Mannen vart observert springande i retning området ved torget, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Overfallet skal ha skjedd i Halkjelsgata, i eit område med fleire leilegheiter og studenthyblar over butikkane.

Les også: Kven var her natt til søndag?

I helga blei det opplyst at politiet ville snakke med personar som hadde vore i sentrum mellom klokka 02.45 og 03.10, men tidsrommet blir altså no utvida.

Kroppskrenking

Politiet har snakka med fleire personar, og opplyser at dei har  gjennomført taktisk etterforsking og kriminaltekniske undersøkingar. Ifølgje politiet held etterforskinga fram med full styrke måndag.

Kvinna skal ha blitt utsett for grov vald i heimen sin.

Hendinga er omtala som  grov kroppskrenking, men politiet har førebels ikkje ønskja å opplyse fleire detaljar. Det er opplyst at det ikkje er snakk om voldtekt.

Førebels er ingen pågripen eller sikta i saka.

Smp.no følgjer saka

Grete Hjelle. Foto: Knut Arne Aarseth