– Dette er eit viktig samband for gjennomgåande riksvegtrafikk, og sambandet har òg stor betyding for lokalsamfunna på sør- og vestsida av Voldsfjorden, opplyser stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal til smp.no.

I samband med handsaminga av statsbudsjettet for neste år, utfordrar Ap regjeringa til å nytte to ferjer på sambandet – slik at ein kan vidareføre tilbodet som i dag.

Les også: Lokalbefolkninga fortvilar over ferjekutt (for abonnentar)

Statens vegvesen lyste i oktober ut anboda for riksvegsambanda både på denne ferjeruta og Festøy-Solavågen. Det vert lagt opp til eit betre tilbod på sistnemnte rute med avgangar kvart 20. minutt.

Men på Folkestad-ferja bad vegvesenet om eit tilbod på avgangar kvart 40. minutt – i motsetnad til dagens tilbod med ferje kvart 30. minutt. Kontraktane startar i 2020 og varar i utgangspunktet i ti år. Begge stader skal det vere nullutsleppsferjer.

Les også: Ei god og ei dårleg nyheit for ferjetrafikantane

Bjørdal fortel at Arbeidarpartiet støtter omlegginga til ferjemateriell med nullutslepp på sambandet Volda-Folkestad, men understreker at rutetilbodet minst skal holdast på dagens nivå – slik også lokale innspel har teke til orde for.

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) Foto: Staale Wattø