(Fjordingen) – Det var kjekt at dei tok omsyn til argumenta våre, og av fleire årsaker har det vore viktig at ein har skilt mellom Kjøs og Maurset, seier Lødemel.

– Kva konsekvensar får dette no?

– Det får ingen store konsekvensar. Som eg har sagt før så får ein både vinnarar og taparar i ei slik sak, og dei personleg kjenslene blir veldig sterke. Når vi no har eit endeleg vedtak så håper eg av heile mitt hjarte at vi klarar å skilje mellom sak og person. At dei som ser seg som vinnarar ikkje hoverer ovanfor dei andre. Det er berre dei involverte som kan seie noko om kor djupe såra er i ferd med å bli, seier Lødemel.

– Eg håpar vi alle no kan legge usemja bak oss og positivt bidra til at vi saman løftar vår felles bu- og arbeidsregion opp og fram, seier Hornindal-ordføraren, og legg til:

– Eg inviterer meir enn gjerne Stryn og Sven Flo tilbake til samtalar om felles framtid, for saman er vi sterkare enn kvar for oss. Usemja må leggast vekk, det er noko vi må legge bak oss, gjentek Lødemel.

– Men har ikkje måten du har uttalt deg på nettopp bidrege til den tonen som har vore. Du har jo vore ganske kvass i din omtale av motparten?

– Eg meiner det har vore rettmessig. Sakshandsaminga vi har sett har ikkje vore god, rett og slett, seier Lødemel.

– Men kor realistisk er det å få Stryn med på laget trur du?

– Eg håpar og trur at vi i framtida kan sjåast i same kommune, seier Lødemel.

– Blir det flaggheising eller kake i dag?

– Nei. Vi må ta omsyn til den tredjedelen som ønskte grensejustering, og eg er ordførar for alle.

Denne saka vart først publisert av Fjordingen