– Vi skal no gjere nokre ombyggingar for å tilpasse lokala for nye leigetakarar. Eg har håp om at lokala er utleigde att før skulestart til hausten.

Det seier Eiliv Halkjelsvik i selskapet Volda Sentrum AS, ein av eigarane bak Spinneriet.

Halkjelsvik legg til at dei har vore i kontakt med aktuelle butikkjeder og andre med tanke på å få dei til å flytte inn i kjøpesenteret.

Og her er det ikkje noko som er avgjort enno.

Hausten 2015 gjekk to store leigetakarar konkurs, ein elektronikkbutikk og ein sportsbutikk.

Desse ledige lokala har berre delvis vore i bruk dei siste to åra. No står dei tomme.

LOKALE: Eit par større butikklokale på Spinneriet har stått tomme i lang tid.

Eit tredje butikklokale står også tomt etter at denne butikken vart flytta til Ørsta.

Og laurdag kunne avisa Møre fortelje at ytterlegare to butikkar flyttar ut av Spinneriet. Dette er leiketøyforretninga Ringo og klesbutikken Kle & Kaffi.

Ringo er blitt driven av Dan Bjørneset. Han gjekk i fjor haust av som senterleiar for Spinneriet.

Men Bjørneset seier til Sunnmørsposten at det ikkje har nokon samanheng med at han no legg ned butikken på senteret.

Han har meir enn nok å halde på med, og skal mellom anna bruke meir tid på å drive Ringo-butikken på Moa vidare.

Sjølv om det går trått med å finne nye leigetakarar, nektar Eiliv Halkjelsvik å vere noko anna enn optimist. Han kallar det som skjer for ei utfordring, ikkje ei krise:

– Eg er sikker på at det er mange butikkar som har livets rett i Volda. Det bur mykje folk her, og det er mange studentar. Det gjeld berre å finne den rette miksen av butikkar som kan utfylle kvarandre.

Halkjelsvik meiner at Volda sentrum, der Spinneriet ligg, har eit uutnytta potensial.

– Er det aktuelt å flytte på butikkar internt i senteret?

– Det er noko vi skal sjå på i lag med leigetakarane våre.

– Lokala har stått tomme lenge. Hadde du venta det?

– Nei, ikkje at det skulle ta så lang tid som dette.

Det er også utfordringar i Ørsta. Kjøpesenteret Ørsta Amfi fekk ein nedgang i omsetninga på ein million kroner i fjor.

Møre-Nytt skriv dessutan at dei to lokale møbelbutikkane Møbelringen og Skeidar begge hadde ein nedgang i omsetninga på to millionar kroner i fjor. Netthandel får delvis skulda.