Ei gruppe som har sett på den framtidige skulestrukturen i Sande, foreslår i ein rapport å legge ned fire av fem skular i kommunen. Ny felles skule på Larsnes for alle elevane frå 1. til 10. klasse, vil vere den mest framtidsretta løysinga, meiner gruppa.

Formannskapet i Sande skal tysdag handsame saka om korleis ein skal klare å spare fleire millionar kroner i oppvekstsektoren i kommunen. Gruppa som har greia ut saka, meiner dette ikkje er mogleg å få til, utan å kutta taler på skular.

Dei foreslår difor å leggje ned skulane både i Gjerdsvika, Gursken/Haugsbygda, Sandsøya og Kvamsøya. Fleire av skulane har allereie opplevd stor nedgang i elevtalet dei siste åra, og utsiktene er ikkje betre dei komande åra.

Før ein kjem så langt til å ha ein ny felles skule på plass, vil det også vere behov for ei mellombels løysing. Omstillingsgruppa er ikkje samd om kva som vil vere den beste løysinga her, men har lagt fram forslag til to ulike modellar som går ut på å samle elevar ved to eller tre skular inntil ei ny skule på Larsnes kan takast i bruk.

Rådmannen foreslår å sende rapporten ut på høyring med frist 6. april.

Les sakspapira til møtet i formannskapet tysdag her (ekstern lenke)