Ein ny felles skule på Larnes for 1. til 10. klasse blei sett på som den mest framtidsretta løysinga, men ein er avhengig av i mellombels løysing. Omstillingsgruppa har lagt fram eit forslag om å samle elevar ved to eller tre skular til ein ny skule står ferdig. Saka blei diskutert i formannskapet i Sande i dag.

– Tilrådinga er at saka blir sendt ut på høyring. Vi hadde ein god diskusjon rundt saka, men det er framleis ikkje avgjort kva som skjer. No har vi to modellar ute på høyring, men det kan kome andre forslag også, seier Sande-ordførar Dag Vaagen til Sunnmørsposten.

Ordføraren merker at saka om skulestrukturen engasjerer stort i kommunen.

– Det er ei vanskeleg sak, men samstundes har vi få elevar på for mange skular. Det er krevjande kommunikasjonsforhold til øyene i kommunen, med lang reisetid med ferje. Det er ein høg terskel for å avvikle skular på øyene, men vi må sjå korleis vi kan drifte dette meir rasjonelt, seier Vaagen.

Les sakspapira til møtet i formannskapet tysdag her (ekstern lenke)