Det er eit eller anna som har skjedd i maskinen med «Ølen», fortel Inge Andre Utåker i Norled til Sunnmørsposten.

Ferja som trafikkerer Volda-Folkestad har derfor gått ut av trafikk for å hjelpe «Ølen», som går mellom Volda og Lauvstad.

– «Ølen» vart liggande og drive på fjorden. Den blir slept til kai, forklarer Utåker.

Ferja gjekk frå Volda klokka 10.50. Over ein time seinare vart «Ølen» buksert inn til kai på same stad.

– No ligg Folkestad-ferja på sida av oss og skubbar ferja til kai i Volda, fortel Hans-Christian Reite om bord på «Ølen». I 12-tida var dei i ferd med å legge til kai i Volda. – Vi gjekk frå Volda klokka 10.50, og no er vi like langt, fortel han. Reite skryt av mannskapet, som han syns har takla situasjonen bra.

For Volda-Folkestad er det no normal drift i sambandet, opplyser Norled klokka 12.35. For Volda-Lauvstad er det normal drift med avgang Volda frå klokka 14.20. Det var ein elektrisk kabel som var skadd, og som gjorde at manøversystemet slo seg ut, forklarer Inge Andre Utåker i Norled.

Folkestad-ferja skubbar den havarerte ferja MF Ølen den siste biten inn til kai i Volda. «Ølen» vart bygt i 1977, medan «Folkestad» er frå 2005. Foto: Knut Arne Aarset