Bustadhuset på garden vart berga då ein grasbrann kom ut av kontroll i Hallebygda (sjå kart). Ei løe har brent ned.

- Skogen har tatt fyr, og vi konsenterer sløkkinga om dette, opplyser brannmester Austdal ved 110-sentralen til Sunnmørsposten. Ressursar frå Herøy, Ulsteinvik samt tankbil er sendt til staden.

Mykje mannskap

Bustadhuset på garden er berga, melder Vestlandsnytt.

- Her er ganske mykje mannskap frå Sande, Ulstein og Herøy brannvern. Løa er tapt. Huset er berga. Det verkar som at dei konsenterer all innsats på å hindre at skogbrannen skal spreie seg. Det er mindre røyk no, så det kan jo vere eit håp om at dei greier å sløkke det. Det er knusktørt i terrenget, seier Endre Vorren i Vestlandsnytt, som er på staden.

I 18.15-tida seier brannmester Austdal til Sunnmørsposten at brannmannskapa er i ferd med å få kontroll.

Leinøya

Også i Herøy har det vore ein grasbrann ute av kontroll i ettermiddag. Brannen på Leinøya skal brannmannskapa ha fått kontroll på.

Fredag kveld melder 110-sentralen at røykutvikling frå ein holme ved Lepsøyrevet i Haram er kontrollert lyngbrenning i beiteområde.

I Herøy skal brannvesenet ha fått kontroll over ein annan grasbrann fredag ettermiddag. Foto: Carl-Henrik Moltumyr
Ifølgje politiet har brannmannskapa fått kontroll på grasbrannen på Leinøya. Foto: Carl-Henrik Moltumyr