Det var ein periode kraftig røykutvikling og opne flammar frå trafokiosken, som står i bustadområdet Bergshagen i Volda. Politiet opplyste tidleg at det var ingen fare at brannen skulle spreie seg til bustadhus.

Straumen har naturleg nok gått i nærområdet.

- Vi fekk flytta den næraste bilen slik at den ikkje stod i fare for å ta fyr, fortel eit augnevitne til Sunnmørsposten.

Trafokiosken var ved 20.40-tida framleis i brann. Mørenett har no kome til staden og skal kople frå straumen, slik at brannvesenet kan gå inn og sløkke, opplyste brannmeister Stian Jørgensen ved 110-sentralen til Sunnmørsposten.

Litt før klokka 21 driv brannmannskapa med nedkjøling. Rundt 10 husstandar i området vil vere utan straum inntil vidare. Mørenett håper at ei midlertidig løysing er på plass i løpet av natta.