112 bilar vart sjekka, og det aller meste var i orden.

Men ein førar vart politimeldt då det vart oppdaga ein person i bagasjerommet på ein varebil. Det opplyser politiet i Stryn og Hornindal på Facebook.

Ein førar fekk gebyr for å ikkje bruke bilbelte, medan ein anna førar fekk eit førelegg sidan passasjer under 15 år ikkje brukte bilbelte.

Ellers vart alle førarar kontrollert for promille, her var det ingen utslag, opplyser politiet.