Straumen gjekk frå Rjånes, opp Vartdalsstranda og innover Hjørundfjorden. Ved 17.20-tida melde Mørenett at feilen var funne.

Folk i fleire bygder i Ørsta var utan straum onsdag ettermiddag.

Ifølgje ei melding på Mørenett sine nettsider var områda frå Rjåneset via Festøy og innover mot Standal råka av straumbrotet.

Første melding kom ved 13.25-tida. Etter kort tid skal folk på strekninga Standal til Festøy ha fått straumen tilbake.

Mørenett sine folk gjorde eit forsøk på å kople inn straumen vidare til Rjånes, men fekk nytt utfall.

Ved 15-tida får Sunnmørsposten opplyst folk frå Rjånes til Festøy er utan straum og det dei antek at det kan ta tre timer å få straumen tilbake.

Årsaka til straumbrotet er ikkje kjent.