Politiet har fått melding om utanlandske personar som reiser rundt og sel bilete i Stryn omland.

Ved eitt eller fleire høve skal dei ha gått rett inn i husvære, skriv politiet i Stryn og Hornindal på Facebook.

Vidare skal ein person ha blitt lurt i samband med handel.

– Vi ønsker at folk viser varsemd. Om nokon får desse på besøk, ring gjerne politiet på 02800, skriv politiet.