Ankesaken mot styreleiaren ved Selje Hotel startar mandag i Gulating lagmannsrett. Statsadvokat Magne Nyborg har opplyst til Fjordenes Tidende at han meiner aktoratet har styrka bevis mot styreleiaren etter nye undersøkingar av telefonen hans og utvida IKT-etterforsking.

Hotellsjefen vart dømt til fengsel fem og eit halvt år i tingretten, for å ha sett fyr på Selje Hotel og for økonomisk utruskap mot selskapet.

Den yngre broren – som var styreleiar – vart frikjent for brannstiftinga. Tingretten såg fleire moment som tyda på at ein ukjent «Mr. X» var den yngre broren, men også at det ikkje var det.

Også ein tredje bror som var kjøkkensjef, vart frikjent for brannstiftinga, og statsadvokaten anka ikkje saka mot ham.

Les stor reportasje eitt år etter: Med parykkar og lausskjegg køyrer to menn frå Stockholm til Oslo for å tenne på eit hotell - men alt går ikkje etter planen (for abonnentar)