Aktor meiner ein applikasjon på styreleiarens mobiltelefon gir grunn til å tru at den tiltalte var med på turen til Selje for å sette fyr på hotellet,  skriv Fjordenes Tidende.

I statsadvokat Magne Nyborg sitt innleiingsføredrag måndag kom det fram at aktoratet meiner å ha nye bevis for at styreleiaren ved Selje Hotel var med på å sette hotellet i brann.

Da Nyborg innleia i ankesaken som går for Gulating langmannsrett måndag viste han til nærare undersøking av ein helse-applikasjon på telefonen. Den teljar mellom anna skritt – og hadde ikkje registrert bevegelsar i tidsrommet  frå 22. til 23. november – då den dømte hotellsjefen – og ein «Mr. X» reiste frå Stockholm til Selje.

– Politiet tenkte ikkje på helse-app-en i tingretten, sa statsadvokaten i retten i følgje avisa.

Les stor reportasje eitt år etter: Med parykkar og lausskjegg køyrer to menn frå Stockholm til Oslo for å tenne på eit hotell - men alt går ikkje etter planen (for abonnentar)