Det melder Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter fredag ettermiddag.

– Vi fekk nettopp inn melding om at løa er overtent. Brannvesen og politi er på staden, opplyser operasjonsleiar Tor André Gram Franck i Møre og Romsdal politidistrikt til Sunnmørsposten ved 16.50-tida.

Brannen på øya i Sande skal ha starta som ein grasbrann og spredt seg til løa. Det skal ikkje vere fare for at brannen andre bygningar tek fyr.

– Vi har to bilar på staden og held på med sløkkearbeid, fortel vakthavande Tor Ivar Sjåstad ved 110-sentralen for Møre og Romdal til Sunnmørsposten.

Ifølgje Vestlandsnytt var det lite anna brannvesenet kunne gjere, enn å dempe brannen.

Som følgje av utrykkinga til Sandsøya, opplyste Norled at det vart forseinkingar i ferjesambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya. Det var venta at ferje kjem i vanleg drift frå klokka 18.

Bålforbod frå søndag

Brannvesenet oppmoder folk om å vere varsame med ope eld i terrenget. Det er generelt bålforbud i heile landet i perioda frå 15. april til 15. september.

– Det har tørka opp mykje og folk er sjølv ansvarlege, så no må ein utvise stor forsiktigheit, seier Sjåstad.

Til no i år har det vore  112 grasbrannar og 27 brannar i skog og utmark, ifølgje Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Hordaland, Møre og Romsdal og Rogaland er dei fylka som har vore mest utsett.