Dermed må kanskje framtidas studentar i Volda betale for å bruke parkeringsplassane som høgskulen disponerer.

– Mange dagar i året er det ein ganske kaotisk parkeringssituasjon på campus i samband med samlingar for deltidsstudentane. Den kaotiske parkeringssituasjonen er eit trugsmål mot beredskapen. Vi har døme på at utrykkingskøyretøy ikkje har kome fram. Særleg om vinteren er dette eit problem, går det fram av sakspapira.

Studentrekruttering er for mange det viktigaste argumentet imot avgiftsparkering. Mange ser på gratis parkering som ein konkurransefordel.

Berre to andre stader på søre Sunnmøre?

Rektor Johan Roppen synest det er ei vanskeleg og komplisert sak. Studentane og mange tilsette har vore imot. Roppen kan også kome på berre to andre stader på søre Sunnmøre der ein må betale for å parkere: Ved flyplassen og ved Thon Fosnavåg.

– Vi har naboar, sjukehus, næringsdrivande og skular rundt oss som naturlegvis ikkje skal få lide av at vi eventuelt innfører betalingsparkering, seier Roppen.

Med ti mot tre stemmer ber høgskulestyret om at direktøren tar ein prat med Volda kommune, som eig delar av parkeringsområdet. Eit tema vil truleg bli om det er mogleg med betalingsparkering fleire stader i Volda.

Men det vil jo gje ein konkurransefordel for Ørsta – og er ikkje så beint fram, det heller.

Snart stor byggeaktivitet

Snart blir det også stor byggeaktivitet på og ved campus. Fleire parkeringsplassar ved høgskulen går tapt når mediehuset og ny E39 (Voldatunnelen) står ferdig.

– I tillegg aukar studenttalet. Dermed er eg bekymra for at det i framtida blir veldig vanskeleg å få ting til å gå i hop – vi er litt offer for eigen suksess, seier rektor Johan Roppen.

– Og då tenker eg det er viktig å bruke betalingsparkering som eit verkemiddel for å ha kontroll på det. Det vi veit om betalingsparkering andre stader, er at det blir færre som parkerer, seier rektor, og antydar Campus Sogndal-modellen, der studentar i dag betaler 1.600 kroner for eit årskort.

Roppen understrekar at vedtaket i høgskulestyret torsdag ikkje er eit endeleg vedtak.

Les også: Vil ha fleire til å ta bussen til og frå Høgskulen i Volda

Rektor Johan Roppen ved Høgskulen i Volda. Arkiv. Foto: Knut Arne Aarset