Rektor Per Halse kunne tysdag ønskje velkomen nye og gamle studentar til studiestart ved Høgskulen i Volda.

Med så mange utanlandske studentar, gjekk mykje føre seg på engelsk. Også nokre vers av "Mellom bakkar og berg" var omsett til engelsk i høve dagen.

Eks-student talte

Opningstalen blei i år halden av ein tidlegare Volda-student, stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap).

- Dette er stas og ei stor ære. Det fortel også at høgskulen synest det er stas at ein tidlegare student no sit på Stortinget, seier Bjørdal om oppdraget.

Sjølv har han ein bachelorgrad i planlegging og administrasjon frå Høgskulen i Volda.

Helsing frå Stortinget

Bjørdal heldt første del av talen sin på engelsk og nytta sjansen til å ønskje dei utanlandske studentane velkomne til Norge - på vegner av Stortinget.

Han snakka også om at Volda er ein liten studiestad, men minte om at kvalitet er vel så viktig som kvantitet.

- Her er det fagleg kvalitet, godt studentmiljø, oppsiktsvekkjande naturopplevingar og så er det noko med levesettet her, sa Bjørdal og la til at det kan ta tid å knekke koden til lokalsamfunnet, men når ein har gjort det, vil ein ikkje ha noko anna.

Kritisk

Bjørdal gav også råd til studentane:

- Her skal de lære kritisk tenking og refleksjon. Bruk det til gode for heile samfunnet, oppmoda han.

Den unge Ap-politikaren er kritisk til trenden med med å vere oppteken av seg og sitt og ikkje bry seg med fellesskapen:

- Eit samfunn med individualistar er ikkje eit berekraftig samfunn, meiner han.

Og han heldt fram:

- Bruk tida ved høgskulen godt. Då vil du ha personleg stor eigennytte av det og samfunnet vil ha stor nytte av deg.

Studentane blei også ønskte velkomne til Volda kommune, ved varaordførar Dan Bjørneset.

Og leiar Joanna Antoniak i studenttinget hadde gode råd for studietida:

- Engasjer dykk. Det er utruleg viktig for studentsamfunnet, og de får vener for livet, var rådet frå Antoniak som også oppmoda om å finne balansen mellom studiane og det å ha det gøy i studietida.

Nær 4000 studentar

Rektor Per Halse opplyser at det er nær 4000 studentar ved Høgskulen i Volda i år, men fleire av dei er fjernstudentar. Knapt 2000 studerer i Volda på fulltid.

- Studenttalet gjorde eit hopp i 2011/12 og no er det stabilt, seier Halse.

Sosialfaga har særleg bra med studentar i år. Det same har historie. Skulen har også 300 nye lærarstudentar i år.

- Vi skulle hatt fleire på lærarutdanninga for 1. til 7. trinn, men dette er ei nasjonal utfordring. Andre slit like mykje som oss med å få studentar her, seier Halse og viser til at Bodø, som no er blitt universitet, ikkje har fleire søkjarar enn Volda til utdanninga for den yngste elevgruppa.

Lærarutdanninga for 5. til 10. trinn har derimot bra interesse.

- Men vi kunne hatt fleire der også, når ein ser behovet i skulen, seier Halse.

Lærarstreiken

Oppskrifta er etter Halse sitt syn å auke statusen til læraryrket, men han meiner den pågåande lærarkonflikten ikkje gir draghjelp i dette arbeidet.

- Når vi ser konflikten no, og KS som vil stramme inn, er dette ikkje noko som hjelper oss. Det er eit tankekors at ein elles i yrkeslivet får meir sjølvstendige arbeidstakarar, men i læraryrket skal ein gå motsett veg, seier Halse og stiller spørsmål ved denne strategien.

Nye studentar blei inviterte inn i fleire faddergrupper.
Musikar og student Eirik Sognnes underheldt på høgskuleopninga.
Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) heldt årets opningstale ved Høgskulen i Volda. Han er tidlegare student ved skulen.