Fleire nedbrende sjøbuder og eit hovudhus som det berre er ruinar igjen av - slik er situasjonen dagen etter brannen som herja det gamle fiskeværet i Herøy.

Den raude og kvite sjøbuda er heilt vekke, medan store delar av hovudhuset også teke av flammane.

Vindretninga frå under brannen skal ha vore på nordaust, noko som førte til at eit lysthus tett ved hovudhuset står heilt uskadd.

Følg smp.no på Facebook

Avhøyr

Politiet er allereie i gang med å finne årsaka til at det starta å brenne.

– Vi har starta etterforskinga og har personell der ute. Men først konsentrerer vi oss om å ta vitneforklaringar frå dei som har opplysningar om situasjonen under brannen og like før brannen, seier fungerande lensmann for Herøy og Sande, Guttorm Hagen, til smp.no.

Eigaren Kjartan Spidsberg opplyste til smp.no tysdag at det for tida blir utført arbeid på staden - i første rekkje støyping og forskaling.

Det er ikkje komen fram opplysningar om at dette kan ha vore ein medverkande årsak til brannen.

Ønskjer tips

– Vi har ei opa tilnærming til dette, og det vil truleg gå nokre dagar før vi får klarlagt ein muleg årsak, seier Hagen.

Dei tekniske undersøkingane vil starte så snart som råd, men dette har ikkje førsteprioritet hos politiet.

– Om det finst personar som har opplysningar som kan gjere det muleg for politiet å klarlegge brannårsaken, vil vi gjerne at desse tek kontakt, seier lensmann Hagen.

Video: Sjå video frå brannen her

Historisk stad

Holmane med hovudbruket Flåvær har ei mange hundreår gamal historie som hamn og handelsstad. Men bygningane som brann tysdag, er ikkje dei ein meiner har størst kulturhistorisk verdi på staden.

Torvholmen der det brann tysdag kveld var ein husmannsplass til Flåvær. Hovudhuset som brann no vart bygd i 1904 av Petter Johannesson Skorpen.

Skorpen fekk skøyte på plassen i 1916 og betalte 200 kroner for bruket med hus. Ein av sønene til Petter, Anfinn, bygde på huset i 1928.

Flåvær er nemnt alt i 1613 som jektehamn. Gjennom hundreåra var der også gjestgiveri, poststad og telegrafstasjon. Både hovudhuset og sjøbuda står igjen og fortel om ei anna tid.

Godt vedlikehald, stor dugnadsinnsats og syn for historia har gitt eigarfamilien Godt vern-prisen for husa på Flåvær-bruket.

Vanskeleg sløkkearbeid

Brannen blei ifølgje 110-sentralen først meldt av ein privatperson klokka 17.33 tysdag ettermiddag.

På grunn av beliggenheita var det utfordrande å få tilstrekkeleg mannskap og utstyr til staden.

Til saman 12 brannfolk frå Fosnavåg deltok i sløkkinga av brannen, som då herja sjøbudene på staden. Men dei var sjanselause til å berga desse. Kraftig vind gjorde handteringa av brannen ekstra vanskeleg.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Overtent

Brannfolka fekk óg hjelp frå redningsskøyta Emmy Dyvi. Skøyta skal ha vore framme på staden ein dryg halvtime etter at den første meldinga kom - og klokka 18.18 var dei i gong med å sprøyta vatn på hovudhuset.

Ved 19.30-tida fekk smp.no opplyst frå eit vitne at hovudhuset var overtent.

Klokka 20.20 blei det meldt frå mannskap på staden at hovudhuset var totalskadd, men at det ikkje var fare for at brannen skulle spreie seg vidare.

Brannen tysdag la Torvholmen i ruinar. Foto: Arthur Sævik
Det er husene på Torvholmen (innringet) som brant ned tysdag. Foto: Knut Arne Aarset
Torvholmen ligg på øygruppa Flåvær mellom Bergsøya og Gurskøy i Herøy. Foto: GoogleMaps