Onsdag ettermiddag brenn det framleis i hovudhuset ved Torvholmen på Flåvær. Det går klart fram av bilde Sunnmørspostens fotograf har teke ute på øya.

Brannvesenet er klar over situasjonen då smp.no tek kontakt med fungerande brannsjef Hallvard Rusten i Herøy kommune.

– Vi har vore klar over det. No i ettermiddag har flammane teke seg opp meir, og vi vil truleg sende nokre folk ut med pumpe for å ettersløkke, seier Rusten til smp.no.

Les også: Ruinar igjen - politiet har starta etterforsking

Sjølv om det kanskje ville lette ryddejobben at huset brann heilt ned til grunnen, avviser Rusten at det er noko dei forsøker på. Han påpeiker at dei har plikt til å stanse brannen så raskt som råd - av omsyn til politiet sitt arbeid med å klarlegge brannårsaka.

Lensmann Guttorm Hagen meiner det vil ta fleire dagar fær dei kan seie noko konkret om brannårsaken. Etter det smp.no kjenner til starta brannen i den kvite sjøbuda.

– Trengde ikkje fleire folk

Fleire har etter brannen teke kontakt med redaksjonen og stilt spørsmål ved innsatsen. Mellom anna har fleire lurt på kvifor ikkje andre brannvesen blei kalla ut.

– Vi vurderte det, men det kom såpass bra med folk til stasjonen at vi meinte talet på personar ikkje ville vere avgjerande, seier Rusten.

Til samen deltok 12 brannfolk i arbeidet med sløkkeoperasjonen. Dei fleste tok seg over på øya, medan nokre tok seg av transport og andre oppgåver som til dømes etterfylling av flasker.

Brannvesenet har ein eigen båt som vart nytta, i tillegg til at dei hadde to andre båtar med i aksjonen.

Les også: Hovedhus og sjøbuder på Torvholmen tapt i brann

– Redningsskøyta viktigast

– Meiner du brannvesenet hadde utstyret dei trengde for å ta seg av sløkkinga?

– Ja, vi føler vi hadde det utstyret vi maktas å gjere oss nytte av. Og det aller viktigaste elementet i denne operasjonen var innsatsen til redningsskøyta, og den blei varsla samstundes med at alarmen gjekk, seier Rusten.

At brannstaden låg på ei øy var naturleg nok ei ekstra utfordring, men Rusten peiker på veret som den største hindringa for å sløkke raskt.

– Den kraftige vinden som blåste rett mot hovudhuset var nok den viktigaste årsaka til at det også tok fyr, seier han.

Det er husene på Torvholmen (innringet) som brant ned tysdag. Foto: Knut Arne Aarset
Torvholmen ligg på øygruppa Flåvær mellom Bergsøya og Gurskøy i Herøy. Foto: GoogleMaps