Ein mann i 30-åra vart stansa bak rattet av politiet i Ørsta sentrum fredag morgon. Politiet hadde fått tips om vinglete køyring, og mistenkjer at mannen køyrde i rusa tilstand.

Mannen vart teken med til lege for utvida blodprøve, og fekk førarkortet beslaglagt, opplyser operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt. Det lokale lensmannskontoret etterforskar saka vidare.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Illustrasjon