Politiet skreiv ut forenkla førelegg til sju sjåførar som køyrde for fort i Nordfjord fredag.

Seks bilistar vart målt i for høg fart i 50-sona ved Mogrenda i Eid, og den høgste farta var 73 kilometer i timen.

Tidlegare på dagen fekk ein sjåfør bot og seks prikkar etter å ha blitt målt i 80 kilometer i timen i ei 60-sone ved Blakstad i Stryn.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Seks bilister fekk fartsbøter her ved Mogrenda i Eid fredag. Kart: Google Maps