Regionlensmann Tormod Hvattum i Nordfjord må betale ei bot på 15.000 kroner for å ha vore uforsiktig då han skulle brenne ned si eiga falleferdige hytte på Maurstadeidet ved Vanylven.

Følg smp.no på Facebook

Det var måndag 23. juni at Hvattum saman med fleire andre skulle gjere ei kontrollert nedbrenning. Han hadde løyve til å brenne ned si eiga hytte, men noko gjekk gale og i løpet av få minutt var også nabohytta overtent.

– Det dreiar seg om at det ikkje er teken tilstrekkeleg forholdsreglar i samband med nedbrenninga - og er såleis eit brot på alminnelege forsiktigheitsreglar, seier Berg til smp.no.

Det er ikkje gjort krav om erstatning, men Hvattum opplyser til smp.no at han har komen til ein privat avtale med hyttenaboen om gjere opp for seg. Lensmannen opplyser samstundes at han har vedteke bota.

Størrelsen på bota er noko høgare enn ved ein «vanleg bråtebrann» som kjem ut av kontroll. Eit typisk førelegg for ein slik sak vil ligge på om lag 10.000 kroner til statskassa.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no