Sevrine hadde vore i Bergen på besøk med barna sine, og der hadde ho høyrt Johan C. H. Storjohann snakke om misjon mellom sjømenn. Sevrine hadde søner i utanriksfart og tanken på sjømannsmisjon trefte henne.

Så før Storjohann hadde kome seg til å skipe organisasjonen, hadde Sevrine kalla inn til det første foreiningsmøtet heime i Tjørvåg.

Året etter vart Sigvald Skavlan frå Herøy ein av dei tre første sjømannsprestane som vart sendt ut.

Følg smp.no på Facebook

Foreiningshus

Den første foreiningsmøtet vart halde i Tonninggarden. Der vert det no rydda og rive, hamra og spikra.

Katrin Torvholm og Arnfinn Karlsen er i ferd med å setje det gamle huset i stand igjen. Den eldste delen av huset er mange hundre år gamalt, iallfall frå før 1650.

– Det er tømmer her som har opplevd svartedauden, flirer Arnfinn Karlsen og viser fram tømmervegger med enorme dimensjonar.

Delar er freda

Det er også enormt med arbeid som skal til for å få Tonninggarden tilbake i gamal prakt. Delar av huset er også freda og ein må fare fram med vit og forstand.

– Ein må tenke og planlegge og så la det modne. Ein kan ikkje forgripe seg mot så gamle hus, seier Karlsen.

Men «nye» vindauge frå 1924 er alt på plass. Det same er fleire vedomnar. Og gamle skattar dukkar opp etter kvart som dei ryddar og arbeider. Nøkkelen til spiskammerset låg i jorda like utanfor utetrappa.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Men om det er mykje arbeid, så er det også eit hus som gir mykje.

– Det er eit smykke av ein plass og det kjennest godt å kome inn her, seier Katrin Torvholm.

Både ho og Arnfinn Karlsen er opptekne av historia som huset fortel. Når ein susar forbi på fylkesvegen, er det lett å tenke «det lisje, raude huset».

Men det er stort, og det var svært stort i dåtida. Her har det vore skule og heradsmøte. Det var plassen for organisasjonsarbeid og foreiningsliv. Og så er det altså staden der Sjømannskyrkja har si vogge.