Etter at fylkesveg 654 opna igjen gjennom Tjørvåg onsdag ettermiddag stilte utrykkingspolitiet seg opp for å kontrollere trafikken.

Resultatet var 33 sjåførar bøtelagd for fart i løpet av tre og ein halv time etter ein kontroll ved 80-sona ved Notøy, opplyser operasjonssentralen ved Sunnmøre politidistrikt.

Den verste fartsoverskridinga stod ein mc-førar i 20-åra for då han blei målt til i 154 kilometer i timen. Det gjer truleg at mannen kan sjå fram til ei fengselsstraff.

Tre andre sjåførar køyrde så fort at dei fekk førarkortet beslaglagt.

I tillegg fekk fem bilistar bøter for å bruke mobil under køyring. Fire fekk vidare gebyr for ikkje å ha nytta bilbelte, to fekk gebyr for bruk av piggdekk og ein sjåfør måtte betale for ikkje å ha med førarkortet. Til sist fekk ein bilist med seg mangellapp på grunn av feil dekkdimensjon.