I ly av Jønshornet og Randers topp hadde om lag 30 fjellklatrarar slege opp telta sine på fredagskvelden ved Storvatnet i Molladalen.

Sunnmørsk klatreklubb har arrangert samling i hjartet av Sunnmørsalpane kvart år sidan oppstarten for om lag 40 år sidan.

– Det er ikkje mykje å arrangere. Siste helga i august er synonymt med Molladalsamling for oss, så klatrarane kjem på autopilot, seier leiar i Sunnmørsk klatreklubb, Håvar Festø.

– Molladalen er det mest potente ein klatrar kan møte på Sunnmøre, seier Festø, og siktar til den stupbratte ramma rundt teltplassen, som er eit ynda mål for klatrarar frå heile landet.

Sosial klatring

I løpet av laurdagen kjem det til enno fleire klatrarar, i hovudsak frå Volda og Ørsta, med eller utan telt i sekken.

– Vi er heldige som får samla både heilt ferske og veldig erfarne klatrara på denne turen. Slik kan dei erfarne klargjere rutene for dei som ikkje har like mykje fartstid med uteklatring, forklarar Festø.

– Klatring i seg sjølv er kanskje ikkje så sosialt, der ein heng åleine i ein vegg, med ein sikrar mange meter under seg. Så det viktigaste er at vi får til ei kjekk og sosial helg, seier den rutinerte klatreguiden, medan han klargjer klatresekken ved leirplassen ved Storvatnet. Her skal det brennast bål og delast klatrehistorier laurdagskvelden. Høgdepunktet blir det molladalspioneren Tore Lundberg har å kome med av erfaringar, skal vi tru Festø. 57-åringen har vore førstemann på mange av toppane i Molladalen, og har etablert mange av dei rutene som blir klatra i dag.

Festø med følgje

Men først skal det klatrast, og for mange er det Molladalstårnet som er dagens mål. Festø skal lede sitt litt mindre erfarne følgje opp den såkalla «direkteruta». Den ovannemnde Lundberg er allereie er i gang med ei meir krevjande rute til same tinden, då Festø og følgje set i gang med den times lange anmarsjen til foten av Jønshornet.