Det har Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) slått fast.

I 2012 lyste Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS ut ein kontrakt for slamtømming frå hushaldningar, fritidsbustader og kummunale anlegg i Sande, Herøy, Ulstein og Hareid.

Konkurranse

Verdien var berekna til åtte millionar kroner i kontraktsperioden.

Oppdraget blei gitt til Miljøservice AS etter ein offentleg konkurranse. Moldskred Renovasjon AS, som ikkje nådde opp i konkurransen, klaga tildelinga inn for KOFA.

Førte ikkje fram

Klagaren peika på ei rekkje punkt ved tildeling av kontrakten, og meinte tilbodet som vann konkurransen skulle vore avvist.

Blant anna hadde den valde leverandøren oppgitt at dei ville bruke underleverandørar til oppdraget. Sjølv om leverandøren sjølv var kvalifisert på eiga hand, meinte klagaren dette ikkje var godt nok, sidan det ikkje låg føre "forpliktelseserklæring" frå underleverandørane.

No har klagenemda vurdert klagen og kome til at Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS ikkje har brote reglane for offentleg anskaffelse. Ingen av Moldskred Renovasjon sine klagepunkt har ført fram.