Jaktlaget i Frislid hjortefelt i Eid fekk ein pangstart på sesongen måndag morgon. I løpet av ein halv time hadde jegerane felt heile ti dyr, skriver nettutgåven til Fjordabladet.

Følg smp.no på Facebook

Jakta starta i grålysninga ved halv seks-tida og i løpet av få minutt vart det første dyret felt. Derifrå gjekk det slag i slag og nokre minutt over klokka seks, låg ti dyr på bakken i Heggjabygda.

– Dette har vi aldri vore med på før. Så mange hjortar etter berre ein halv time er heilt sikkert ny rekord, seier hjortejeger Oddbjørn Frislid til avisa.

Fire av dyra vart felt på bøen nedfor husa på garden, medan dei andre seks vart skotne på ei mark opp mot skogen.

Ved ni-tida i dag tidleg hang alle skrottane ferdig flådd på låven, og jegerane kunne dra ut for å felle fleire dyr.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Jaktfeltet har no berre fire dyr att i jakta, men er med i Heggjabygda/Leivdal storvald som kan felle om lag hundre dyr.

Oddbjørn Frislid meiner det er bra jakta er framskunda ti dagar, slik at dei kan skyte meir hjort opp i dalen før den kjem nedover mot bygda. Det kan óg vere med å gjere skadene på innmarka mindre.

Har du ei god historie frå hjortejakta? Tips oss på sms/mms 95 400 400, epost 95400400@smp.no eller ring 95 400 400.

Første dagen av jakta vart 10 av 14 dyr felt i Frislid jaktfelt i Eid. Foto: Kristoffer S. Frislid