Den nær 30 år gamle ferja «Ullensvang» vert sett inn på sambandet mellom Hareid og Sulesund frå årsskiftet, melder NRK Møre og Romsdal.

Det er klart etter at reiarlaget Norled under eit møte måndag, ikkje klarte å overtale Statens vegvesen til å ta i mot ferja på sambandet Lavik-Oppedal i Sogn og Fjordane.

– Innfrir ikkje anbodskrav

Statens vegvesen Region vest meiner har stått steilt på sitt og avvist å ta i bruk ferja, fordi den ikkje innfrir krava i anbodet som vart gitt på strekninga.

Måtte droppe avganger

Det vekka sterke reaksjonar då ferja i mai vart sett inn på det travle sambandet over Sulafjorden for å sjå korleis ferja eigna seg. Ferja tar lengre tid å laste enn dei to nyare «Tidefjord» og «Tidesund», som går på strekninga i dag, og den hadde store problem med å klare dei oppsette avgangane.

– Dei skal levere det dei har tilbode i anbodskonkurransen. Vi meiner Ullensvang avviker vesentleg frå det som Norled leverte som beskrivelse av fartøy i sitt vinnande tilbod, og dermed ikkje tilfredsstiller kontrakten på Lavik-Oppedal, sa fagkoordinator Anders Sæternes til smp.no den gong.

Stort engasjement

Både Hareid-ordførar Anders Riise og stortingsrepresentant Oskar Grimstad frå Hareid har engasjert seg, og jamvel samferdsleministar Ketil Solvik-Olsen svarte på spørsmål om ferjestriden frå Grimstad.

I staden må altså Møre og Romsdal fylkeskommune, som eig sambandet Hareid-Sulesund, ta til takke med Ullensvang. «Ullensvang» skal byggjast om, før den vert sett inn i sambandet.