Tolmodet ved driftsavdelinga til Ørsta kommune, er slutt etter gjentakande ein rekkje tilfeller med skadeverk i sentrum. No vurderer kommunen kameraovervaking, skriv Møre-Nytt.

Følg smp.no på Facebook

Nyleg melde kommunen eit nytt skadeverk til politiet, etter at nokon hadde skutt hol i ei rute ved Barnas Vel barnehage.

– Slikt skjer nær sagt kvar helg i sentrum. Sentrumsbygningar som Ørsta ungdomsskule, Velle skule og Barnas Vel barnehage er svært utsett for hærverk. Det samlar seg ein del folk der i helgane. I dette tilfellet har dei tydelegvis skote på vindauga med luftpistol, seier drifts- og vedlikehaldsansvarleg Roger Steinnes i kommunen til avisa.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Han har tidlegare anslått at kommunen har brukt om lag 100.000 kroner på å reparerer skader på sentrumsbygg. No er det innhenta priser på kameraovervaking av utsette områder, dei håpar å få inn på budsjettet for neste år.