Omfattande etterforsking har gitt nye opplysningar om brannen som oppstod i eit bustadhus i Flusund tidleg om morgonen 14. desember 2008.

  • Meiner politiet har brote løfta dei gav til pårørande - les papirutgåva av Sunnmørsposten onsdag eller eavisa her

Regionlensmann Guttorm Hagen på Søre Sunnmøre har teke over ansvaret for etterforskinga av Herøybrannen, etter at Robert Hjelmeseth starta i ny jobb som leiar av politiets sin etterforskingsavdeling i Ålesund.

– Vi har nokre avsluttande avhøyr som vert gjennomført i desse dagar, seier Hagen.

Følg smp.no på Facebook

Truleg ferdig neste månad

Dette er personar som tidlegare har vore inne til avhøyr, som politiet no vil snakke med igjen. Hagen kan sjølvsagt ikkje sjå vekk i frå at det kan dukke opp nye opplysningar her, som vil krevje meir arbeid.

Lensmannen trur likevel at politiet vil avslutte arbeidet i oktober. Då er det planlagt å ha eit møte med Kripos, som har stått for mykje av både avhøyr og tekniske undersøkingar denne gongen.

Fleire nye opplysningar

Neste månad er det óg planlagd eit møte med dei pårørande og deira bistandsadvokat.

Eit betydeleg arbeid er lagt ned i etterforskinga og pårørande fekk i sommar sjå gjennom materialet som bestod av 250–300 nye dokumentsider. Det har komen fleire nye opplysningar både av teknisk art og i avhøyr.

Smp.no skreiv i sommar at etterforskinga til då ikkje hadde avdekka ein klar brannårsak. Lensmann Hagen ønskjer ikkje å kommentere innhaldet i etterforskinga.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Nye analyser

Politiet har i løpet av etterforskinga snakka med fleire personar som ikkje tidlegare har vore avhøyrt, mellom anna ambulansefolk og brannmannskap.

Det er gjort nye DNA-analyser av materiale som var samla inn den gong, gjennomgang av elektroniske og andre spor, samt rundspørjingar i nabolaget.

  • Meiner politiet har brote løfta dei gav til pårørande - les papirutgåva av Sunnmørsposten onsdag eller eavisa her