Dette seier leiar Kenneth Hustad i Bondalen elveeigarlag til Sunnmørsposten. Laget har akkurat sikra sine 30 stamfisk for hausten, 15 ho- og 15 hannlaks til klekkeriet. Midt i stamfiskinga kom e-posten frå Direktoratet for naturforvaltning, via Veterinærinstituttet: «Det må takast genprøver av all stamfisk frå og med i år».

– Dette kjem på toppen av fleire andre nye krav og utgifter, og det trugar dermed heile eksistensen til eit lite klekkeri som vårt, seier Hustad.

Kvelartak

Han får full støtte av leiaren i Sunnmøre elveeigarlag, Jan Melseth i Sykkylven.

– Dei mange nye krava er i ferd med å ta kvelartak på kultiveringa av dei mindre lakseelvane, som dei vi har på Sunnmøre, hevdar han.

Ifølgje elveformannen kostar kvar genprøve 550 kroner per stamfisk.

– I tillegg kom kravet om fargemerking av rogn i fjor, noko som over ein treårsperiode gjev oppfølgingskostnader på mellom 50–80.000 kr per vassdrag. Dertil kjem ekstra veterinærkontrollar, som også er pålagde.

– Ingen skal vente at frivillige kultiveringslag – med sine få eldsjeler – kan makte slike økonomiske krav, åtvarar Melseth.

Han hevdar det må vere eit nasjonalt ansvar å berge laksen.

Rugg

I Bondalselva fekk Sunnmørsposten vere med under den dramatiske innspurten i stamfisket denne veka, toppa med landinga av ein tøff hannlaks på 14,5 kilo. Litt av eit naturscenario på direkten – i kulissar berre heit haust i Bondalen byr på!

Lokalleiar Kenneth Hustad er svært skeptisk til framtida for kultiveringa.

– Vi er overtydde om at kultivering har effekt. I år er det berre så det aular av fin smolt i elva, der yngelen år om anna blir teken av isgang.

– Har ein ikkje rogn på lur frå klekkeriet om våren då, har elva heller ingen reproduksjon i slike år, seier Hustad.

Han ønskjer at oppdrettsnæringa no kan vere med og ta ansvar for kostnaden med å skilje oppdrettsfisk frå villaks.

–Vi hadde aldri desse problema før oppdrett fylte fjordane kring alle elvar, konstaterer Kenneth Hustad.