Den 69 år gamle mannen som vart skadd i ein brann i Herøy fredag, døydde på sjukehus.

Det opplyser Haukeland universitetssjukehus tysdag. Dei pårørande til mannen er varsla.

Tilstanden hans forverra seg søndag, og han vart difor brakt til sjukehuset i Bergen for vidare behandling.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Mannen vart brakt ut av bustaden sin av naboar som kom til staden. Ifølgje brannvesenet, brann det kraftig inne i leilegheita, men sjølve bygget vart ikkje overtent.