Politiet har fått melding frå AMK-sentralen om ei trafikkulykke ved Mjølstadneset, ikkje langt frå Fosnavåg i Herøy.

- Både politi og ambulanse er på veg til staden, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang til smp.no klokka 18.14.

Ikkje personskade

Det skal dreie seg om ein bil som har køyrt av vegen.

- Ein bil kom køyrande i retning rundkøyringa mot Mjølstadneset. Bilen enda opp utanfor vegen, men dei to personane som var i bilen er uskadd, seier Harang til smp.no klokka 18.50.

Mobiltelefon

Harang seier at politiet vil etterforske saken, då det er mistanke om at føraren brukte mobiltelefon før utforkøyringa.

- Så langt tyder det på det ja, seier Harang til smp.no.

Etter det smp.no får opplyst frå staden, har føraren mellom anna køyrt ned eit vikepliktskilt ved rundkøyringa.

Førarkortet til vedkommande er tatt i beslag.

Ulykka skal ha skjedd ved Mjølstadneset, ved Eggesbønes, i Herøy.