Frå ordførarkontoret på Hareid rådhus har ordførar Anders Riise panoramautsikt over ferjekaia. Der ser han ferjemannskap som kjempar med å få om bord flest muleg bilar på kort nok tid til at dei held ruta.

Men så ser han også mengda av bilar som står igjen og kva som skjer når dei skal posisjonere seg til å kome med neste ferje.

  • Opplev kaoset i videoklippet over

Følg smp.no på Facebook

Køkaos

No har Riise delt ein YouTube-video som heiter «Velkommen til Texas på Hareid» på facebooksida si. Filmen viser kva som skjer når ferja går frå kai på Hareid klokka 16 onsdag denne veka.

Nokre av dei attståande bilane gjer som dei skal, og køyrer rundt for å stille seg i køa på nytt. Men andre prøver å berre snu tilbake inne på sjølve oppstillingsplassen. Dermed har ein bilar som køyrer i begge retningar - i tillegg til dei som prøver å snu og rygge.

Med kaoset inne på sjølve oppstillingsplassen, blir trafikken ute på vegen ståande i stampe.  Riise fortel også på facebook-profilen sin at i forrige veke vart ein personbil klistra då ein lastebil prøvde å rygge tilbake i køa i staden for å køyre rundt og tilbake i fil ein.

Manar til opprør

Ordføraren seier han torsdag nok ein gong har sendt e-post til Møre og Romsdal Fylkeskommune om denne saka.

Samtidig oppmodar han via facebook folk om å sende epost til post@mrfylke.no og fortelje si «hjartans meining om denne galskapen».

– Folk må berre seie si meining. Her må alle klutar setjast til, og alle må få sjå og vere klar over korleis forholda er.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

– Må ha tre ferjer

Ferjestrekninga Hareid-Sulesund er den femte mest trafikerte strekninga i landet. Her er også større auke i trafikken enn i trafikken generelt. Frå nyttår av er det meininga at ferja Ullensvang skal inn som den andre ferja på strekninga.

Det har utløyst sterke protestar. Men så langt utan resultat.

Det gjer at ein fryktar ferja ikkje vil greie å halde ferjeruta: – Og vi såg det i prøveperioden då Ullensvang var her, og det heldt ikkje.

Riise seier dei har skrive utallige brev sidan første gongen vi høyrde at Ullensvang skulle bli ferje på Hareid-Sulesund, men utan å få gehør. Og løysinga er ikkje større ferje, men fleire ferjer.

– Vi må ha tre ferjer på strekninga og oftare avgangar. Kapasiteten på dei to ferjene vi har er allereie sprengt.

Ordførar Anders Riise i Hareid meiner folk bør seie meininga si om ferjetilbodet på den femte mest trafikkerte strekninga i landet.
Ullensvang hadde prøveperiode på strekninga Hareid-Sulesund i vår, utan at ordførar Anders Riise var særleg fornøgd med resultatet.