– Her er det plass til fleire. Og det neste fjellet treng no er ein spisestad og eit hotell, meiner Aursnes.

Han og broren Petter Andre Aursnes eig Tind Eiendom AS som byggjer ut Strandafjellet Alpegrend. Dei eig også Systemhus – Brødrene Aursnes AS, som står for sjølve bygginga.

– Totalt består prosjektet av 24 leilegheiter. 19 er reservert for privat bruk, medan fem har utleigeplikt, forklarer Aursnes.

Til jul

Dei starta tomtegravinga etter påske, og skal ha dei seks første leilegheitene innflyttingsklare til jul.

– Vi tek til på fire nye leilegheiter på nyåret, og har eit treårig perspektiv for heile prosjektet. Opplegget vårt er at vi først sel ut ei blokk, før vi tek til på den neste, legg Knut Henning Aursnes til.

Åtte snikkarar

Han er dagleg leiar og tek seg av salet, medan broren Petter Andre er byggjeleiar for dei åtte snikkarane som er i aksjon.

– Korleis har responsen vore?

– Som venta. Nokon kø er det ikkje, men vi sel det vi byggjer. No går vi berre og ventar på snøen. Ein snørik vinter vil heilt sikkert gi endå større fart på salet, tur Aursnes.

Hittil er seks leilegheiter seld, alle saman til godt vaksne ålesundarar.Og det dei har kjøpt er leilegheiter med eit bruksareal på ca. 60 kvadratmeter, med to soverom, kombinert stove og kjøken, bad, bod og kanskje best av alt: parkeringsplass i kjellaren.

– Det er berre å køyre rett inn, og gå tørrskodd opp i leilegheita, fortel Knut Henning Aursnes. Dei øvste leilegheitene har dessutan ein hems. Bustadene er det ein kallar nøkkelferdige, med kvitevarer, kjøken- og baderomsinnreiing – og vedomn.

Strandafjellet Alpegrend er forøvrig teikna av Arkplan Arkitektkontor i Namsos. Brørne har også bygd leilegheitsprosjekt i Sykkylven, og dei skal snart begynne på ein firemannsbustad i Stordal.

Element

Og byggjearbeida blir forenkla ved at dei nyttar ferdige veggelement:

– Vi har laga ein elementfabrikk i gamlelokala til Hjellegjerde i Sykkylven. Der byggjer vi veggelementa, før vi fraktar dei til byggjeplassen. På den måten blir byggjetida korta ned, seier Knut Henning Aursnes.

<strong>ALPEGREND:</strong> Slik skal Strandafjellet Alpegrend sjå ut når heile prosjektet er ferdig. Skissa er laga av Arkplan Arkitektkontor.