Ein mann i 40-åra er dømd til 30 dagar fengsel, etter ein køyretur med promille i mars i år. Køyreturen frå Ulstein og vidare til Herøy og Sande enda ikkje med uhell, men vitne har forklart at bilen fleire gonger kom over i feil køyrebane, blant anna på toppen av Dragsundbrua.

Bilføraren var tiltalt for å ha køyrt med 2,05 i promille. Søre Sunnmøre tingrett meiner han kan ha drukke også etter køyreturen og har dømd han for køyring med 1,8 i promille.

I tillegg til fengselsstraff er mannen dømd til å betale 27.000 kroner i bot og 3.000 kroner i sakskostnader. Dessutan blir han utan førarkort i to år. Mannen må opp til full ny førarprøve for å få køyre bil i Norge igjen. Retten finn ingen formildande omstende. I skjerpande retning er det lagt vekt på at han hadde passasjer og at han køyrde ei lang strekning.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no