Dette seier ein tapper førsteklassing og seksåring, Lauritz Helde Remøy frå Remøya i Herøy.

Sist fredag var han på veg heim frå skulen i lag med syster si Anna Beate (11), men han kom seg ikkje av bussen før døra vart stengd og han køyrde vidare.

Følg smp.no på Facebook

Bussen fortsatte mot siste stoppestad på ruta, Runde Miljøsenter på Runde, der ein elev skulle gå av. Problemet for bussjåføren, som er av utanlandsk opphav, var berre at han hadde to passasjerar om bord - ein for mykje.

– Ikkje her!

Laurits Helde Remøy visste godt at det ikkje var hit han skulle, at han no var komen heilt til Runde.

Sunnmørsposten møtte den unge passasjeren i går tysdag morgon, like før han skulle på skulen. Han fortel om dramaet og bussforviklinga med eigne ord.

– Eg gjekk fram og sa til sjåføren at eg ikkje bur her. Eg sa at eg ikkje kunne gå av bussen her, for det var feil plass. Eg hadde lyst til å vere med bussen heim att, fortel Lauritz.

Men det var fånyttes. Sjåføren insisterte på at han måtte gå av, fordi dette var endestasjonen. Deretter snudde han bussen og køyrde same vegen attende. Førsteklassingen la i veg etter, og traska trøstig i hjulspora til skulebussen som forsvann i det fjerne.

Alarm

Skulesekken av tung og vegen lang.

– Eg har vore på Runde mange gonger før, og eg visste kvar eg måtte gå for å kome meg heim. Men eg visste det var veldig langt, fortel guten.

På dette tidspunktet hadde søstera ant uråd, og ho tok etter kvart kontakt med foreldra.

Bussen var køyrd frå stoppet ved Remøybrua, men broren som hadde sete ein annan stad på bussen, var ikkje å sjå.

Søstera lurte på om han kunne ha vore med nokon andre heim, men hadde ikkje høyrt om ein slik avtale. Dermed gjekk alarmen. Pappa Egil Remøy tok umiddelbart telefonen fatt og ringde rundt, samstundes som han hivde seg i bilen og la ut på leiting.

– Eg forstod straks at dette ikkje var rett fatt og vart ikkje så reint lite uroleg, fortel Remøy. Han var tilfeldigvis heime på dette tidspunktet og kunne kaste seg rett inn i leitinga etter sonen og yngstemann i familien.

Ante uråd

I mellomtida hadde Lauritz med ranselen rukke å gå over to kilometer på heimveg. Han var i ferd med entre Rundebrua, då han vart tatt igjen av ei lokal kvinne i personbil.

Ho forstod straks uråd då ho såg guten heilt åleine på denne staden. Kvinna stoppa og spurde ut guten om kvar han hadde tenkt seg, og ho fekk grei beskjed: Heim att!

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

No kom også ein mann til, og han synte seg å vere ein slektning som straks kjende att guten. Lauritz hadde på si side alt stålsett seg for å kunne gå gjennom den kilometerlange Sævik-tunnelen, smal og trong og ikkje akkurat fotgjengarvenleg.

– Eg har masse refleks både på ranselen og på kleda mine. Eg hadde tenkt at det kunne gå bra å kome seg forbi tunnelen, fortel Laurits.

Men no var han altså teken hand om av kjentfolk. I andre enden av tunnelen venta storebroren Adrian, og etter kvart dei andre.

Følgjer opp

– Vi fortel om saka fordi vi gjerne vil vite om busselskapet har rutinar mot episodar som dette, seier foreldra.

Håkon Hagen i Nettbuss beklagar og seier at det heldigvis er svært sjeldan slikt skjer.

– Vi køyrer dagleg 5.500 elevar i 17 kommunar. Dette skal ikkje skje. Sjåføren er svært lei seg. Vi følgjer opp denne saka, seier Håkon Hagen.

<strong>Beklagar:</strong> Avdelingsleiar Håkon Hagen i Nettbuss Midt beklagar på det sterkaste episoden der ein førsteklassing vart sett av skulebussen på feil stad. – Vi har snakka med sjåføren og veit det var ein kommuniksjonsglipp.
<strong>Skulebussen:</strong> Tok med førsteklassingen Lauritz Helde Remøy vidare får stoppestaden her - og nær åtte kilometer vidare til granneøya Runde.
<strong>Skulevegen:</strong> Førsteklassingen vart sett av bussen mot sin vilje ved Runde Miljøsenter lengst unna - og var i ferd med å forsere Rundebrua då ei lokal kvinne som passerte ante uråd og plukka opp guten.