Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal gjekk onsdag i mot fylkesrådmannen si innstilling om å kommersialisere flyruta mellom Hovden og Oslo frå neste tilbodsperiode. Samferdselsutvalet var samstemmige i saka.

Ordførar Rune Hovde i Ørsta meiner dette betyr at dagens rutetilbod er sikra.

- Ja, dette er eit godt og fornuftig vedtak som er med på å sikre eit godt tilbod frå flyplassen framover. Takk til alle som har jobba med denne saka så langt!, seier Hovde til Møre-Nytt.

Vidare seier ordføraren at vedtaket er gledeleg og fornuftig. Han stiller òg spørsmål om kva som var tanken bak fylkesmannen si vurdering.