Håbrann, ein hai som kan bli nesten 250 kilo, var tidligare svært vanleg langs Norskekysten. På 1950 og 60-talet vart det drive eit omfattande fiskeri etter denne haien. Mange båtar og mykje mannskap får Sunnmøre var involvert i dette fisket.

Følg smp.no på Facebook

Søndag vil forskarane Gerard Biais og Nils-Roar Hareide fortelje om håbrann og håbrannfisket ved Runde Miljøsenter. Gerard vil vise kva han har fått som resultat frå samarbeidet med skipperar frå Herøy.

Miljøsenteret vil svært gjerne invitere alle som har vore med på dette fisket og elles andre som har interesse. Ta gjerne med bilde, dagbøker og det vil bli rikelig høve til å fortelje om eigne opplevingar frå dette fisket, oppmodar dei. Seminaret har som mål å orientere om håbrann, men enda meir ynskjer ein å få informasjon frå dei som var med på dette eventyret for ein mannsalder sidan.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no