Ho fortel at det onsdag har kome ca. 20 centimeter med snø oppe på toppen.

– Det er sjølvsagt for lite til at folk kan ta fram skia enno. Men dette lovar bra for vinteren, legg ho til.

Det er dessutan framleis for mildt til at dei kan setje i gang snøkanonane.

Sjå også: Vêrvarsel for Strandafjellet skisenter (Yr.no)

Nytt skitrekk

Marknadssjefen har også meir nytt å fortelje frå Strandafjellet:

– Denne sesongen opnar vi eit nytt, 900 meter langt skitrekk på Fursetsida. Dette trekket er mindre vêravhengig, og godt familietilpassa. Vi har i heile tatt eit nytt og forbetra familieområde, og nytt lysanlegg i parken.