Like før klokka 21 onsdag kveld fekk politiet i Sogn og Fjordane melding om ei trafikkulykke ved Grasdaltunnelen på Rv. 15 over Strynefjellet.

– Det var eit einsleg køyretøy som har køyrt av vegen og inn i fjellveggen ved inngangen på tunnelen, melder politiet i medieloggen. Ulykka skjedde på austsida av tunnelen.

Det var berre ein person i bilen, nemleg ein mann i 20 åra. Han blei sendt til Volda sjukehus for behandling etter ulykka.

– Alt tyder på at mannen ikkje er alvorleg skadd, seier operasjonsleiar i politiet i Sogn og Fjordane, Olaug Holme til NRK Sogn og Fjordane.

Ifølgje NRK så har bilen kome over i motsett køyrefelt og treft veggen. Dei melder og at det var 3–4 centimeter med snø i vegbana, og bilen hadde sommardekk.

– Førarkortet er kverrsett, mellom anna fordi han ikkje hadde vinterdekk, seier Holme til NRK.