Ein mann i 30-åra vart natt til torsdag pågripen mistenkt for å stå bak eit ransforsøk i Ulsteinvik onsdag kveld.

Det var like etter 18 onsdag at ein mann i tenåra skal ha blitt lagt i bakken i nærleiken av ein butikk i sentrum. Han skal ha blitt trua for pengar, men gjerningsmannen skal raskt å ha gitt opp forsøket og forlatt staden.

Vedkomande skal samstundes å ha oppført seg truande mot fleire personar utanfor den same daglegvarebutikken.

Mannen vart pågripen heime på bustaden sin, og politiet ønskjer tips om saka. Det er politifolk ved Ulstein og Hareid lensmannskontor som etterforskar saka.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no